Seminar 20. november på Sverresborg – tema immateriell kulturarv

Laurdag 20. november er det tid for haustmøtet som blir eit seminar med tema immateriell kulturarv. Lokallaga er oppfordra til å demonstrere og fortelje om prosjekt som dei har vore involvert i når det gjeld t.d. handverk, skikkar og tradisjonar. Eit knippe lag har tatt oppfordringa og stiller med innslag på seminaret. Vi har også med oss Selbu felebyggerlag som både vil fortelje om fiolinbyggingas historie og underhalde med musikk.

Seminaret byr også på ein julemarknad med utstilling og sal av lokale årbøker og anna lokalhistorisk litteratur.

Invitasjon til seminaret med påmeldingsinformasjon er sendt til alle medlemslaga i regionlaget.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Trondheim på film, del 2

For lokalhistorisk interesserte er det mulig å sjå del 2 av ein serie historiske filmar frå Trondheim på kino, enten under den pågåande filmfestivalen Kosmorama eller seinare.

Trondheim på film, del 2

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Årsmøte 14.3.2020 i Mostadmarka

Årsmøtet blir halde 14. mars i Mostadmarka med Mostadmark Jernverks Venner som lokal arrangør. Innkalling med saksliste og saksdokument er sendt ut til medlemslaga. Vedlagt her er programutkast for Jämt-trønderske historiedagar.

Programutkast 1.3.2020

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Jämt-trønderske historiedagar 14.-16. august 2020

Jämt-trønderske historiedagar blir i år halde 14.-16. august i Hammarstrand i Ragunda kommune aust i Jämtland. Tema for årets historiedagar er skogen, fløtinga og vasskrafta. Program vil liggje føre til årsmøtet i mars.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Årsmøte 14. mars 2020

Årsmøte i Sør-Trøndelag Historielag blir halde 14. mars i Mostadmarka med Mostadmark Jernverks Venner som lokalt vertskap. Innkalling med sakliste blir sendt ut til lokallaga fire veker i forvegen.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Årsmøte 16. mars 2019

Årsmøte 2019 blir på Oppdal bygdemuseum med Oppdal Historielag som lokalt vertsskap og blir halde laurdag 16. mars. Innkalling med sakspapir blir sendt ut til laga seinast fire veker i forvegen.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Haustmøte 24. november

Haustmøtet for tillitsvalde i lokallaga vart halde på Ringve Museum laurdag 24. november. Hovudtema var bygningsvern. Direktør ved Ringve, Ivar Roger Hansen, held eit foredrag om brannen på Ringve, brannvernet og restaureringa etter brannen. Museumspedagog Lars Erik Brustad Melhus ga ei spesialomvising i den restaurerte hovudbygningen. Universitetslektor Thor-Aage Kaminka Heiberg snakka om bygningsvern i eit handverkarperspektiv. Rita Elvira Husby presenterte Skaun Historielags vurderingar når det gjeld forsikring av bygningar tilhøyrande Skaun Bygdamuseum. Avslutningsvis held Kari Lindbekk eit foredrag om befolknings- og næringsutvikling i Trøndelag frå 1769 – 1946. – Referat og presentasjon frå møtet er sendt ut til laga.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Haustmøte 24. november

Haustens møte for tillitsvalde blir laurdag 24. november kl. 10-16. Møtet blir halde på Ringve denne gongen, hovudtema blir bygningsvern, og ein av programpostane blir orientering om brannen på Ringve og restaureringa etter brannen. Detaljert program med påmeldingsinformasjon blir sendt ut til laga ca. ein månad i forvegen.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Program Jämt-trønderske historiedagar med påmeldingslenke

JTH_F3e_2018_0227_Inbj och program

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Nytt etter årsmøtet 17. mars

Årsmøtet vart avvikla i Prestegårdslåna på Melhus laurdag 17. mars med heile 40 påmeldte deltakarar. Det nye styret består av Carl Oscar Halvas-Svendsen, Ann-Mari Aas Haugness, Hege Aannø Kraft, Aud Mikkelsen Tretvik og Arnfinn Volden. Tretvik vart attvald som styreleiar. Vara til styret er Brynhild Aftret, Jan Habberstad, Svein Olav Meistad, Harald Høen og Jan Fred Paasche.

Det største prosjektet i næraste framtid er Dei jämt-trønderske historiedagane som blir arrangert 25.-27. mai på Væktarstua i Tydalen med Armfeldttoget som tema. Påmeldingsfrist til lågpris innan 12. april, til fullpris innan 10. mai (sjå eige program).

Etter årsmøteforhandlingane var det foredrag og omvising i Prestegårdslåna, mellom anna med orientering om bygging av modellar av den gamle kyrkja og av prestegardslåna.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar