Om STH

SØR-TRØNDELAG HISTORIELAG

Stiftelsesdato 22. september 2001

Laget er ein fellesorganisasjon for historie-, museums- og slektshistorielaga i fylket og er tilslutta Landslaget for lokalhistorie. Per 1.1.2008 var 38 lag tilslutta med eit medlemstal på ca. 7.500. I tillegg er det ca. 4.500 årboksmedlemmer.

Ifølgje formålsparagrafen i vedtektene skal Sør-Trøndelag Historielag:

•styrke samarbeidet mellom lagene og representere dem i saker av felles interesse overfor fylkeskommunale myndigheter, media og allmennheten.
•spre interesse for lokalhistorisk arbeid utover lagsnivå.
•gi opplæring i å bruke og ta vare på lokalhistoriske kilder og materiale.
•være et forum for samarbeide om felles interesser på tvers av de enkelte medlemslags grenser, våre nabofylker og svenske nabolän, og søke samarbeide med arkiv- og museumsinstitusjoner, fylkeskommunen og med annen aktuell fagekspertise når slikt samarbeide er ønskelig.

STH har heile tida hatt eit nært samarbeid med kulturavdelinga i Sør-Trøndelag fylkeskommune.

STH har også eit nært samarbeid med Trøndelag folkemuseum Sverresborg. Det viktigaste prosjektet er årboka Trønderveven som det vart inngått avtale om i 2006. Første årbok kom i 2007 og hadde kystkultur som tema.

STH har også ein samarbeidsavtale med Nord-Trøndelag Historielag, Foreininga Norden Trøndelag, Föreningen Heimbygda, Föreningen Nordens Östersundsavdelning og Jämtlands Lokalhistoriker och släktforskare. Dette samarbeidet gjeld Dei jämt-trønderske historiedagane som blir arrangert annakvart år.

Kvart år blir det arrangert eit større faglig seminar som tar opp aktuelle tema for historielaga. Seminartema har vore bygningsvern (2004), fotobevaring (2005), Norsk kulturminnefond, andre støtteordningar og lokale og private arkiv (2006), årboksproduksjon (2007) og små museum og samlingar (2007).

På programmet for 2008 står ekskursjon til Klæbu og Selbu med vekt på utstilling og formidling ved lokale museum og samlingar. Dette skjer i samarbeid med Klæbu Historielag, Selbu og Tydal Historielag og Radio- og sykkelmuseet i Selbu. Vidare blir det arrangert eit seminar om Innsamling av munnlige kjelder. Dette skjer i regi av Landslaget for lokalhistorie i samarbeid med Sør-Trøndelag Historielag og Nord-Trøndelag Historielag. Endelig vil det på haustens leiarmøte bli satt fokus på Små og verneverdige fag. Dette skjer i samarbeid med Opplæringsavdelinga, Sør-Trøndelag fylkeskommune.

Årsmøtestad går på sirkulasjon mellom dei ulike distrikta i fylket, og i samband med årsmøtet blir det også arrangert eit faglig seminar.

Kvar haust blir det arrangert møte for leiarane i lokallaga, også med faglig tema.

I tillegg til felles møte og seminar har det vore halde kontaktmøte med eitt eller fleire lokallag kvart år.

STH har deltatt aktivt i plansaker på kulturområdet i fylket, og har m.a. avgitt høyringsuttalingar om felles fylkesplan for Sør- og Nord-Trøndelag (2004) og Strategisk museumsplan for Sør-Trøndelag (2006).

Postadresse Sør-Trøndelag Historielag, Postboks 4185 Valentinlyst, 7450 Trondheim

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s