Jämt-trønderske historiedagar 25.-27. mai 2018

Dei jämt-trønderske historiedagane blir arrangert 25.-27. mai 2018 på Væktarstua i Tydalen. Programmet denne gongen er knytt til Armfeldttoget i 1718 og avslutninga av Store nordiske krig. Blant foredragshaldarane er m.a. Geir Pollen, Anders Hansson og Frode Lindgjerdet. Program med påmeldingsskjema blir tilgjengelig først på nyåret.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Årsmøte 17. mars 2018 i Prestegårdslåna på Melhus

Årsmøte blir neste gang i Gauldalsdistriktet og blir halde i Prestegårdslåna på Melhus laurdag 17. mars. Årsmøtedokumenta blir sendt ut fire veker i forvegen.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Adresseliste laga februar 2017

Adresseliste laga februar 2017

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Årsmøte i Sør-Trøndelag Historielag 18.3.2017

Årsmøtet blir halde laurdag 18. mars på Ferstad gård i Trondheim med Byåsen Historielag som lokal arrangør. Lokallaga kan møte med to representantar kvar.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Jämt-trønderske historiedagar 12.-14. august i Sveg

Dei tradisjonsrike Jämt-trønderske historiedagane blir i år arrangert i Sveg i Härjedalen 12.-14. august. Det er i år 60 år sidan oppstart av desse treffa for historieinteresserte på tvers av kjølen. Tema denne gongen er tekstilar og Härjedalens historie. Arrangørane har lykkast å få ei rekkje spesialistar på temaa frå både Noreg og Sverige som foredragshaldarar. Programmet inneheld dessutan to ekskursjonar og orientering om handverkskursa på Bäckedals folkhögskola der arrangementet er forlagt.

Heile konferansen med utflukter, overnatting og alle måltid kostar SEK 1500. Påmeldingsfristen er 1. juli. Ved påmelding, bruk skjema som det finst lenke til i utlagte program. JTH_inbjudan_2016_5

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Årboka Trønderveven 2016

Trønderveven kjem i 2016 til å ha fokus på gjenstandsmateriale/handverksprodukt og har fått arbeidstittelen «folkelig kreativitet». Artikkelstoffet kan ta for seg gjenstandar av ulike materialtypar og storleikar, og det kan ta for seg sjølve gjenstanden, kunsten/handverket og/eller kunstnaren/kunsthandverket. Ta kontakt med redaksjonen for tips om artikkelstoff/-forfattarar. Hovudredaktør er denne gongen Randi Nygaard Lium ved Sverresborg Trøndelag Folkemuseum. Øvrige redaksjonsmedlemmer er Anne Grete Sandstad, Tone Mørkved og Aud Mikkelsen Tretvik.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Gratis klassesett av årboka Trønderveven 2015

Årboka Trønderveven 2015 hadde «Krigens kulturminner» som tema. Første opplag vart trykt på feil papir, så bildestoffet kjem ikkje heilt til sin rett, men det tekstlige innhaldet er det ikkje noko feil med. Sør-Trøndelag historielag delte ut klassesett av sin del av dette opplaget under årsmøtet. Viss andre historielag ønsker å gi klassesett til «sin» skole, ta kontakt med årboksredaksjonen ved Sverresborg Trøndelag Folkemuseum.

 

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Årsmøtet i Sør-Trøndelag historielag

Årsmøtet i Sør-Trøndelag historielag vart avvikla laurdag 12. mars i Rissa med Rissa Museum og Historielag som lokalt vertskap. Under årsmøteforhandlingane vart m.a. arbeidet med å etablere ei distriktskonservatorstilling for Skaun, Orkdal og Meldal diskutert, og involverte historielag orienterte om status for arbeidet. Også saka om husmannsplassen Onsøyhåggån på Byneset vart framheva. Her er det snakk om å sikre at husa blir verande på på plassen slik at ein ivaretar kulturminneverdiane i denne husmannsplassen på best mulig måte.

Etter val består det nye styret av Aud Mikkelsen Tretvik som styreleiar og Joar Tapper Brobakk, Anne Marit G. Schupbach, John Anders Moe og Ronald Nygård som styremedlemmer. Varamedlemmer til styret er Jan Åge Habberstad, Brynhild Aftret, Svein Olav Meistad, Harald Høen og Jan Fred Paasche.

Etter årsmøtet fekk forsamlinga gleda av å besøke Reins Kloster. Hans Henrik Horneman ga sjølv omvising i det store biblioteket, Bernt Brevik fortalte og viste rundt ute i klosterruinen, i Borgstua og i Bojerkyrkja.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Oppdatert adresseliste over medlemslaga

Adresseliste laga mai 2015

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar

Årboka Trønderveven 2015

Årboka har denne gongen tema «Krigens kulturminne». Dette har sin bakgrunn i at det i år er hhv. 75 år sidan andre verdskrigen tok til i Noreg og 70 år sidan den slutta. Riksantikvaren har dette som tematisk satsing i år og ønsker å involvere historielaga i sitt arbeid. Dette kan mellom anna gjerast ved å fokusere på krigens kulturminne i årboka. Artiklane kan handle om både fysiske spor og individuelle og kollektive minne frå krigsåra.

Historielagsmedlemmene blir oppfordra til å sende inn stoff til årboka. Redaksjonen vil ha eit kort samandrag (1/3-1/2 s.) av artikkelen til 15. april. Utkast til artikkel har frist 15. juni og frist for ferdig artikkel er 15. august. Årboka er planlagt ferdig til midten av november.

Artikkelforslag med samandrag kan sendast til styreleiar som i år også er hovudredaktør for årboka.

Publisert i Generelt | Legg igjen en kommentar